top of page
VOSSAKRUTT_med tittel (1).png
Foto: Grim Moberg

Bli med i det kjekke toradarmiljøet på Voss!

Toradar
TORADARSKULEN
FAST I SKJERVET

Voss Ungdomslag tilbyr undervisning på toradar og trekkspel til born, ungdom og vaksne.

​

Undervisninga er tilpassa kvar enkelt elev og går føre seg ein-til-ein og i grupper kvar veke i Ungdomshallen.

​

VOSSAKRUTT er eit samspelstilbod for alle mellom 6-18 år som speler toradar i Toradarskulen og Kulturskulen og har spelt ei stund 

​

VOSSAREKRUTT er eit samspelstilbod for alle mellom 6-18 år som spelar toradar i Toradarskulen og Kulturskulen som ikkje har spelt så lenge.

"Fast i Skjervet" er toradargruppa på Voss. Gruppa er open for alle som har spelt toradar ei stund og som har lyst til å spela saman med andre.

​

Ynskjer du å bli med? Send oss ei melding!

TORADAR?

UngOsa 2017.jpg

TORADARSKULEN

Foto: Ingerid Jordal
Toradarskulen
INFORMASJON
PRISAR

Vil du læra å spela toradar eller trekkspel? Då er du komen til rett stad!

​

Toradarskulen tilbyr elevtilpassa undervisning for nybyrjarar og vidarekomne. Elevar får undervisningstimar kvar veke og har samspelsøvingar i gruppe fleire gonger i løpet av året. 

​​

Aldersgrense: 6 år. Det er inga øvre aldersgrense. 

 

Instruktørar: Ingrid Sørheim, Steinar Odde, Siri Nordgård, Vegard Hansen og Thea Isabell Tveit Bakketun. Les om instruktørane.

​

​

Prisar er per semester

​

Elevplass under 26 år: kr 2150
Elevplass over 26 år - medlem Voss UL: kr 2500

Elevplass over 26 år - ikkje medlem Voss UL: kr 3600

​

Søskenmoderasjon kr 25 %

​

Samspel under 26 år: kr 700

Samspel over 26 år: kr 1000

​

Leige av instrument: Kr 600

PÅMELDING

Meld deg på ved å senda ein e-post til toradarskulen@hotmail.com. 

​

​

KONTAKT

Har du spørsmål?  Me vil gjerne høyra få deg!

 

Ikkje nøl med å ta kontakt på toradarskulen@hotmail.com 

eller Ingrid Standal Sørheim på tlf. 902 91 180.

Fast i Skjervet
Meld deg på Toradarskulen
Velg kurs:
Velg instrument:

Takk for di påmelding! Me tek kontakt med deg på e-post og/telefon så snart som råd.

Fast i Skjervet.png

FAST I SKJERVET

Fast i Skjervet er gruppa for toradarspelarane på Voss. Laget har fast øving kvar onsdag kl. 19:00-21:00 i Hallen og deltek på festivalar og konkurransar saman gjennom året. Fast i Skjervet speler drivande god gamaldans og står for musikk til dansarane i Voss Ungdomslag ein gong i månaden. I tillegg spreier dei musikkglede gjennom andre speleoppdrag. 

 

Det er gratis å vera med og krev ikkje påmelding eller opptaksprøve. Har du spelt ei stund og har lyst til å vera ein del av eit godt, sosialt miljø er dette gruppa for deg!

​

Bli med oss på øving på onsdag, då vel!

​

Kontakt Vegard Hansen på tlf: 472 45 904

VOSSAKRUTT

Vossakrutt er samspelsgruppa for dei unge toradarspelarane i Toradarskulen og Kulturskulen.

​

Dei speler konsertar, reiser på festivalar, speler til dans, deltek i tevlingar og har det mykje moro saman!

DSC_9168.jpg
OM OSS

Ungdomslaget på Voss. Stifta i 1890 med base i Voss Ungdomshall lokalisert midt i Voss sentrum. Laget driv aktivitetar som er opne for alle.

INFORMASJON

​Uttrågata 18
5700 Voss

 

post@vossul.no

​

Org nr: 971 357 916

FØLG VOSS UNGDOMSLAG

Takk for at du følgjer oss!

© 2026 by VOSS UL.

bottom of page