top of page

Sakliste

  1. Val av ordstyrar og skrivar

  2. Val av 2 stk til å skriva under protokollen

  3. Innkalling¸ nokon anmerkninger?

  4. Årsmeldingar

  5. Val

  6. Aktivitetsplan

  7. Omvøla og invisteringar i hallen mtp kunst og anna

  8. Rekneskap og budsjett

Møtereferat

Dato: 01.03.2026
Møtestart: kl. 14.00
Møteslutt: kl. 16.00
Frammøtte: 13–14 medlemmer

 

1. Val av ordstyrar og skrivar

Ordstyrar: Ola Hamre Bjørke
Skrivarar: Heine Hydle og Arvid Birkeland

Det vart peika på at det er føremålstenleg med to skrivarar.

 

2. Val av to til å skriva under protokollen

  • Elisabeth Auganæs Kleppe

  • Bodil Brekkhus

 

3. Merknader til innkallinga

  • Valet skal vera siste sak på sakslista. Dette vart vedteke og gjennomført.

  • Innkallinga bør også leggjast ut på heimesida til laget.

  • Det var skrive ut for få kopiar til frammøtte.

 

4. Årsmeldingar

a) Styret

Årsmeldinga vart lesen av Ola Hamre Bjørke.

Merknader:

  • Det bør førast opp kva støtte laget har motteke og kven ein har fått støtte frå.

  • Vestlandsmeisterskap/VM i torader må takast med i årsmeldinga.

  • Fast i Skjervet bør ha eiga årsmelding.

b) Hus- og hyttenemnda

Årsmeldinga vart lesen av Arvid Birkeland.

Merknader:

  • Brannvarslingsanlegg er no på plass med sensorar i alle rom og avtale med firma ved utrykking.

  • Bygget opplevast som mykje tryggare ved utleige.

  • Stor takk til Odd Haugse og andre for omfattande arbeid med planlegging av dette.

  • Takk til Voss Energi for støtte til innkjøp og installasjon av varmepumpe i hallen.

c) Folkedans

Lesen av Merete Molland Dugstad. Ingen merknader.

d) Toradarskulen på Voss

Lesen av Heine Hydle.

Det vart stilt spørsmål om kor mange toraderspelarar som er medlemmar i laget – mange har meldt seg inn.

 

5. Aktivitetsplan

Aktivitetsplanen vart vedteken med følgjande merknader og tillegg:

  • Oversikt over kva torsdagar toradar nyttar hallen må på plass.

  • Vurdera vasking to dagar i veka grunna høg aktivitet.

  • Vaskedugnad 11. mai til 17. mai.

  • Dugnad på Singeset.

  • Blømingsfestivalen i Kinsarvik

  • Landskappleiken på Hovden

  • Landsfestivalen i Vågå 

  • Julemessenemnda har vanlegvis møte i midten av september.

  • Informera betre om at hytta på Singeset kan nyttast av alle medlemmar.

  • Kurs for alle tillitsvalde med fokus på drift og utleige.

  • VM i Torader: 30. oktober – 1. november 2026.

Det vart gjeve ros for ein god og ambisiøs aktivitetsplan.

 

6. Innkomne saker

a) Investeringar i Voss Ungdomshall

Årsmøtet vedtok å setja i verk naudsynte investeringar for å sikra forsvarleg oppbevaring og vising av Bergsli-kunsten og anna fast lagseige.

Tiltaka omfattar oppvarming, klimakontroll, tryggleik og andre relevante investeringar. Styret får fullmakt til å prioritera innanfor laget si økonomiske ramme.

Det vart også foreslått varslingssystem dersom dører ikkje er låste etter eit visst klokkeslett.

b) Trygging av Bergsli-kunsten

Årsmøtet vedtok at Bergsli-kunsten og anna fast lagseige skal ha fast plass i Voss Ungdomshall.

Desse kan ikkje avhendast, utlånast eller flyttast utan samtykke frå årsmøtet og styret i Noregs Ungdomslag, i tråd med § 7, punkt 4 i vedtektene.

 

7. Rekneskap og budsjett

  • Rekneskapen vart godkjent med eit overskot på kr 102.297.

  • Momskompensasjon bør førast inn i rekneskapen.

  • Budsjettet vart vedteke med reduksjon av inntekt frå Singeset med kr 5.000.

  • Nytt budsjettert overskot: kr 17.500.

  • Inntekt på lagshytta sett til kr 0 per dags dato.

  • Styret får fullmakt til å vurdera innkjøp av prosjektorar innan budsjettet.

  • Det bør opprettast eit felles digitalt system for oversikt over utleige (t.d. FamCal).

 

8. Val

Lagsstyret

Leiar: Ola Hamre Bjørke – 1 år
Styremedlem: Heine Hydle – attval, 2 år
Styremedlem: Beathe Dalatun – ikkje på val
Styremedlem: Kristin Himle – ny, 2 år
Styremedlem: Elisabeth Auganæs Kleppe – ikkje på val

  1. vara: Arvid Birkeland – attval, 1 år

  2. vara: Vegard Hansen – ny, 1 år

Hus-/hyttenemnd

Arvid Birkeland – 2 år
Per Nedkvitne – attval, 2 år
Olav Straume Torpe – ikkje på val
Vara: Odd Haugse – 1 år
Vara: Bodil Brekkhus – attval

Folkedanskontaktar

Merete Molland Dugstad
Sølvi Hesselvik

Rådgjevingsnemnd / valnemnd

Jarle Haugland – ikkje på val
Torill Aaen Torpe – ikkje på val
Merete Dugstad – attval, 2 år
Jens Håkon Slettemark Birkeland – attval, 2 år

Innstillinga vart samrøystes vedteken.

Styret fekk fullmakt til å velja fast styremedlem (4 år) og vara (2 år) til Bergslistiftinga.

9. Andre saker

  • Det skal haldast opplæring i utleige for styre og nemnda. Det er ekstremt mykje arbeid å sitta med detta åleine, og det er Odd Haugse som har gjort omtrent alt dette åleine! Det er altfor få som kan om utleigen mtp om nåko skulle skje. Sjå øve FamCal-appen i samband med utleige, og prøva å ta denna i bruk.

  • Arbeidet med utleige må fordelast betre.

  • Laga enkel innmeldingsliste for nye medlemmar.

  • Styret bør vera meir synleg på faste arrangement. Gammaldansen.

  • Vurdera kurshelg i lagdrift. Via Noregs Ungdomslag.

  • Avgrensa tal prosjekt slik at arbeidsmengda vert handterleg.

  • På Singeset må batteri til solcelleanlegg bytast.

  • Møblar på hemsen på Singeset kan fjernast.

  • Vurdera å kjøpa inn større kvantum av reinhaldsutstyr og forbruksvarer.

Årsmelding frå styret

Styret har i 2025 handsama 24 saker fordelt på 4 møter.

Styret har hatt eit bra hektisk år med mange saker og utfordringar.

Styret har i 2025 bestått av:

Leiar – Ola Hamre Bjørke

Nestleiar – Heine Hydle

Kasserar – Beathe Dalatun

Styremedlem – Elisabeth Auganes Kleppe

Styremedlem – Asle Mykkeltveit

Vara – Arvid Birkeland

Vara – Ottar Fjose

Eit styre som er godt sammansett av folk med forskjellige bakgrunnar og erfaringar og arbeider godt ilag. Styret opplever at arbeidsbelastinga med dugnader osv er jamnare fordelt no på heile organisasjonen enn før. Dette gjev styret meir kapasitet til å utføre dei oppgåver dei skal. Styret vil takka hus/hyttenemd, rådgjevningsnemd og alle andre for dette.

Jolamessa vart tradisjonen tru halde fyste helga i advent. I år som i fjor ser ein at ein lyt revurdere sundagen då det er særs lite folk innom. Dette sannsynligvis grunna jolegateopning som no vert halden Laurdagane. Økonomisk ser messa ut til å gå bra og styret ser at det er ei kjekk helg i hallen som me vil halde fram med. Rådgjevningsnemda har teke på seg ansvaret med messa og me vonar dei ynskjer å fortsette med det.

Økonomien i laget ser per tid bra ut, ein har midlar på bok til uforutsette ting og elles bra aktivitet i hallen med utleige, toradarskule, dans osv.

Kunsten i hallen, her har det skjedd ein del men mindre enn ynskjelig, «Gyda» står per tid trygt lagra i velvet til Voss Sparebank, her har me fått lovnad at det står trygt so lenge me ynskjer og at me kan henta det når som helst viss det er ynskjelig. Banken har vist stor velvilje med oppbevaring, transport og kosting av alt dette. Banken har og kosta undersøking og tilstandsrapport på verket. Konservering av verket må sjåast som neste steg, har ikkje fått noko respons frå banken på forespurnad om korleis og kostnader. Dette er ståa per tid og laget bestemmer vegen vidare.

For styret – Leiar – Ola Hamre Bjørke

Årsmelding frå hus- og hyttenemnd

Nemnda er: Olav Straume Torpe, Odd Haugse, Per Nedkvitne, Bodil Brekkhus og Arvid Birkeland.

Administrativt: Nemnda har hatt jamnt med møter.

Arbeid utført 2025

  • Arbeid i spelemanns-stovo held fram

  • Fylt på gass på varmepumpe for salen.

  • Lakka golv i salen og på sena.

  • Kontroll brannsløkkeapparat og fått på plass nytt brannvarslingsanlegg med tilknytning til vakstsentral.

  • Generelle oppgaver som rydding, køyrt boss til Bjørke.

  • Tilrettelegging for utleige.

  • Bytta batteri i røykvarslarar.

  • Handla inn nødvendige ting som tørke og dopapir, såpe, golvvaskemiddel etc.

  • Vasking av golvmoppar og handkle for kjøkken etc.

Hallen er i bruk til faste brukarar stort sett kvar tirsdag, onsdag og torsdag

Faste brukarar:

  • Folkedansen

  • Svingklubben

  • Seniordansen

  • Toradarundervisning

  • Fast i Skjervet

 

Diverse utleige av ungdomshallen 2025 utenom dei faste brukarane: Om lag 35 dagar.

Planlagt arbeid i ungdomshallen 2026:

  • Arbeida videre med spelemanns-stovo

  • Få nye varmepumper på plass

  • Spyla takrenner og måla utvendig

  • Sparkla og mala trappegang, gang 1 etg. og toalett

  • Mala ytterdører

  • Arbeida vidare med å sikra hallen med omsyn til tryggleik, klima og oppvarming

  • Tetta tak på Singset

 

Spelemannsstovo (kjellaren i Voss Ungdomshall)

Rapport frå dag 1.

Heine søkte om peng i 2024 og me fekk fyrst 55.000kr til dette. Og på søknad i 2025 fekk me 80.000kr til.

Prosjektet starta då Heine fant ut at det var råte i og fukt i golvet. Me har reve ut alt gulv, pigga opp gulv og gravd vekk mykje stein og jord. Me har då retta av golvet, isolert da, lagt plast mot fukt og støypt plata med armering. Heine og Een Byggteknikk driv på med ytterveggane. (Her er det 36x68mm stolpar med diffusjonsåpen duk mot muren.) som skal isolerast med 70mm rockwool isolasjon.

 

Pr. i dag 04.02.2026 so gjenstår det at me set opp siste ytterveggen (mot pizzabakaren) og so skal golvet avrettast med ein tynn avrettningsmasse. Når dette er gjort er det klart for å:

  1. Mala taket, pipa og vegg mot bytebue. Yttergang bør og malast. (Heine tar kontakt når dette kan iverksettast)

  2. Elektrikkar må inn å trekka røyr i dei nye veggane (til stikkontaktar), og fiksa målar + el.skap, dette har Odd best kontroll på.

  3. Vegg mot kjøkken og bod må gipsast med 2 lag grunna lyd mot kjøkken.

  4. Isolering med 70mm rockwool i ytterveggar.

  5. Plating av veggar, Legga golv (klikkvinyl) og lista golv+tak.

  6. Kjøpa inn og Montera opp 1-2 panelovnar.

  7. 2stk vindu (mot spar) skal og bestillast og bytast grunna me må ha vindu som er godkjent som rømningsveg. Me fekk eit pristilbud (som er utgått pr.dags dato, men i tilbudet kom desse på rundt:8-10.000kr)

 

Til no er det brukt 60.922kr (og då manglar ein liten faktura på bygging av veggar) det vil sei at det pr i dag gjenstår 74.078kr av budsjettet i kjellaren. So eg vil tru me må søka om endå meir peng til kjellaren på sikt, grunna eg ikkje har oversikt på el.utgifter.

Året 2025

Har vore stor aktivitet i hallen i 2025. Hallen blir brukt til Toradarskule fleire dagar i veka. Seniordansen, Swingklubben og Folkedansen deler på tirsdagen til sine dansedagar. Fast i Skjervet spelar onsdagane i tillegg til at dei er med å spela på ein del av folkedansane.

 

I tillegg til ein del private arrangement blir hallen brukt til årvisse arrangement som Vossajazz, Den forvitnelige countryfestivalen, Osafestivalen, VM i Vossaøl. Laila Veum har og kvart år med seg mange skuleklassar som går Bergsliløypa og avsluttar i hallen der ho snakka om Bergslikunsten.

 

Det er mykje som må væra på stell når det er så stor aktivitet. Vask og rydding, sørge for at lokalet er oppvarma, toalett og tørkepapir på plass osv. Så det fell mykje arbeid dei som står for dette.

Per har sin årlige tørn med å pussa, vaska og lakka golvet i salen. Dette blir gjort i melsdagane. Me har fått pris på vask og maling av huset utvendig og søkt om støtte til dette. Fekk dessverre ikkje noko, så der må me berre fortsetta å søka. Det vil koste rundt 500000 inkl stillasleige. Me har sjølv tenkt å vaske grunnmurane og mala ytterdørene i løpet av året.

I Spelemannsstovo er golv hogd opp og støypt på nytt. Vegger reve, alt køyrt bort. Heine står for arbeidet med oppbygginga att av rommet som skal bli øvingsrom for toradarskulen. Eigen rapport frå Heine om dette. Me må søka om meir peng for å sluttføre dette.

 

Me har sparkla, pussa og malt tak og vegger i trappegang ved eine hovedinngangen. Det samme i trappegangen mot kjøkkenet i kjellaren. Der er og dørene malt. I tillegg er grønfargen på rekkverk og dørar flikkmalt. Me er og i gang med å sparkla vegger og tak på toalettene, skal mala her og.

 

Vangen Elektriske (Bravida) Har installert komplett brannvarslingsanlegg i heile huset, tatt i bruk januar 26. Anlegget er kobla opp mot vektarselskapet Voss Vekter og Sikringsteneste AS. Så nå har me heldigvis tidligvarsling i bygget i tilfelle brann. Me har fått stor økonomisk støtte av Voss Sparebank til dette, så stor takk til dei. Det er installert 2 nye sikringskursar for stikkontaktar på sena, for bruk ved div tilstellingar.

 

Gyda- maleriet: Maleriet står for tida hjå Voss Sparebank. Dei hadde ein konsulent som skulle vurdera tilstanden på noken maleri der og tilbydde samtidig å betale for vurdering av Gyda- maleriet. Det er omfattande arbeid som bør gjerast med maleriet, så slik står saka i dag. Ola kan orientere meir om dette. På grunn av den verdifulle kunsten i hallen har me og begynt å sjå på klimaanlegg for å bevare dette. Tor Bakketun hjå Tecno har vore og sett på mulig løysing med dette. Me har hatt problem med eine varmepumpa i salen og har no bytta den ut til ny og kraftigare pumpe, og håpar det kan hjelpa til å halda stabil varme i salen. Voss Energi Kraft ga oss ein svært god pris på dette.

 

Singeset

INTERIØR LAGSHYTTA PÅ HULDREHAUGEN - EIN PLAN

Laurdag 18.10.25 var Reidun Slettemark og Bodil Brekkhus på inspeksjon av lagshytta for å finna ei inventarløysing.

 

Me vil påpeika: For å ta vare på inventar og kunna bu i og bruka hytta lyt det prioriterast å

gjera hytta so "muse-sikekrt" som råd, snarast.

Forslag/plan, interiør

ETESTOVA

  • Riva vekk og hogga opp veggmontert langbenk og frakta bort/brenna puter langs langvegg. Lata den korte endebenken stå att med pute i. (T.h.for glaset).

  • Ta vekk langbordet - som kan demonterast. Lagra bordplate på dragarane, i alle fall mellombels. Bordet kan kanskje brukast ute? Laget kan selja bordet, etter fyrst å ha frakta det til bygds?

(Dersom ein vel å ha det gamle langbordet i stova, kan ein likevel berre riva vekk den fastmonterte langbenken, for det vil vera rikeleg nok med lause benkar og krakkar å supplera med).

Lata stå att: Laus benk som høyrer til det gamle langbordet (plassert inn mot veggen) og benk frå Bryn.

 

Setja inn: Etebordet som no står på kjøkkenet. Stolane som høyerer til.

RESTEN AV STOVA

-Skal vekk/verta til ved: Det nye Bryn salongbordet.

- Lata stå

  • Det gamle salongbordet.

  • Den nye Bryn sofasalongen.

  • Dei 2 raude stolane. (eine stolen er på hemsen). Stolane er litt mus-etne, men kan fint stoppast. (Reidun).

  • 2 stripete stolar som høyrer til den eldste, originale salongen. (Ein av dei er på hemsen). Stoppast litt.

  • Den rutete "stresslessen" godstolen. Må stoppast.

  • Dei to kommodane frå Bryn, pluss avisbordet, lysestake.

  • Dei to grøne stolane - tja? Må trekkjast om, om me skal satsa på dei vidare. Gode å sitja i. Stolane bør vekk no før mysene et dei heilt opp, og lagrast trygt til dess me eventuelt får trektdei om.

 

SOVEROMMET

UT: Bordet som står der no, skal ut på kjøkkenet.

VEKK: Gamle madrasser som høyrer til dei to underkøyene. (Ikkje standardmål på eventuelt nye madrasser). Eventuelt riva og saga opp dei gamle sengene og setja inn standard seng(er).

LATA STÅ: Det som elles er. Kommoden frå Bryn.

HEMSEN

Den eldste, originale salongen: Vert å saga opp til ved. Putene; fraktast bort/brennast.

LATA STÅ: Dei 3 sengene. Lata vera att dei nederste madrassene som no er i sengene. Alle andre resterande, gamle madrasser skal vekk! Forslag om at laget kan investera i overmadrasser.

TIL SLUTT:

Arbeidet med å demontera/hogga/saga opp det som kan brukast til ved, er det berre å gå i gang med... Vekkfrakting elles må planleggjast etter vêr og føre. Me vil føreslå at nemnda/styret vedtek tidsplan, med mål å vera ferdig med ommøblering og ferdig med all vekkfrakting av alt som nemnt før våren -26.

 

Odd Haugse og nokre av min familie var der 7 sept 25. Såg over tilstanden. Stort sett bra. Ei takhelle er litt laus. Ellers må me bytta batteri til solselleanlegget.

 

Vurdere å leige ut hytta.

 

Må rydda og fjerna alt som ikkje trengst.

Årsmelding Folkedanskveldane

Folkedanskveldane vert arrangert annankvar tysdag og er eit samsrbeid mellom Voss Spelemannslag og Voss UL. Laga byter på ansvaret for musikk, danseleiing og kaffi.

I 2025 har det vore 16 dansekveldar, 9 i vårhalvåret og7 i hausthalvåret. I forkant av dansekveldane, kl 19.00 til 19.45, er det danseinstruksjon for dei som ynskjer det. Instruktørar for dette har vore Astri Sudman, Arne Anderdal, Gunnar Lussand, Vegard Vårdal, Knut Blikkberg og Merete Dugstad .VSL syter for musikken.

Til dansen frå kl 20.00 til 22.00 er det VSL og «Fast i Skjervet» som bytter på å spela. Dessutan har gruppene «Skrot» og «Ny i bygda» spela to gonger kvar, og Aurland Trekkspelklubb har spela ein gong, På siste dansen før sommaren og før jul, har også «Vossakrutt» vore med. Det har vore godt oppmøte på dansekveldane, 32 stk i gjennomsnitt, og økonomien er god.

 

Ref. Merete

Årsmelding Toradarskulen på Voss

Det førre året har det vore mykje aktivitet i Toradarskulen.

Våren 2025 var det 43 elevar derav 4 stk. I kulturskulen. Av dei 43 er 33 stk. Under 18 år. Hausten 2025 var det 37 elevar derav stk. I kulturskulen. Av dei 37 var det 27 stk. under 18 år. Toradarinteressa på Voss er framleis stor, særleg blant born, og me har framleis ventelister. Det er framleis tett samarbeid med toradarundervisninga på kulturskulen der Ingrid Standal Sørheim er lærar, og dette fungera veldig bra. Barnesamspel og andre aktivitetar vert gjort saman sjølv om nokre elevar går på kulturskulen. Steinar Odde, Ingrid Standal Sørheim, Siri Nordgård og Vegard Hansen (frå hausten) har vore instruktørar i 2025. Dei har framleis godt samarbeid og arbeidar for å leggje mest mogleg til rette for å lage eit godt miljø for alle elevane i både Toradarskulen og kulturskulen.

 

Bilete frå Vossakrutt spelte på Landskappleiken i Eidfjord 2025

 

 

Barnesamspelgruppa (Vossakrutt) har vore med på ein del aktivitetar gjennom 2025

Vossakrutt våren 2025

  • Hadde 6 øvingar

  • Stilte på Blømingsfestivalen 2.-4. mai

  • Spelte i folketoget på 17. mai

  • Spelte dansespel på avslutninga til gammaldansen 6. mai

  • Hadde Vossakruttkonsert 22. mai

  • Konkurrerte i open klasse på landskappleiken i Eidfjord

Vossakrutt hausten 2025

  • Hadde 5 øvingar

  • Var med på VM i toradarspel både i gruppespel og individuelle klassar

  • Spelte dansespel på juleavslutninga til gammaldansen 2. desember

  • Hadde juleavslutning saman med dei andre som spelar og dansar i folkemusikkmiljøet på Voss

Med mange ivrige elevar i Toradarskulen, engasjerte foreldre, erfarne instruktørar og sterkt fellesskap ser framtida til Toradarskulen lys ut.

Bilde1.jpg
OM OSS

Ungdomslaget på Voss. Stifta i 1890 med base i Voss Ungdomshall lokalisert midt i Voss sentrum. Laget driv aktivitetar som er opne for alle.

INFORMASJON

Kontakt

Uttrågata 18
5700 Voss

 

post@vossul.no

Org nr: 971 357 916

FØLG VOSS UNGDOMSLAG

Takk for at du følgjer oss!

© 2026 by VOSS UL.

bottom of page